main article image
Ragnhild Kolsrud/Hallingdal Museum

Langeleikar på Hallingdal Museum

Ein gong sat det tri huldrekjæringar på kvar sin fjellknatt i Hallingdal og tralla til kvarandre. Dei helsa kvarandre på denne vis, må tru, for dei var slike godvener. Ei smågjente som gjætte i nærleiken av den eine av desse haugakjæringane og hadde langeleik med seg der i fjellet, lærde seg å spela denne trallen og sea heldt slåtten seg lenge i Hallingdal. Enno er det ei gamal kjæring på Ton i Nesgjeld som spelar han på langeleik (Mehlum 1943, s. 194).

Langeleiken har ei lang historie i Noreg, og den eldste daterte langeleiken me kjenner til fyller 500 år i år. I samband med dette jubileet ynskjer me å presentere dei langeleikane me har i samlingane til Hallingdal Museum.

Langeleiken

HFN 05517: Langeleik med snekke i to endar Ragnhild Kolsrud/Hallingdal Museum

Langeleiken er eit gamalt, norsk folkemusikkinstrument som framleis vert spela i ubroten tradisjon her i landet. Ei skildring av langeleiken og korleis ein spelar på instrumentet finn ein mellom anna i målsamlingane til Knud Leem (1697-1774) frå 1740-åra:

** Eit Long-Spel** (Eit Lang-spel) ɔ: Een Lange-leeg, Et Instrument med Laag, og Side-bredder; Men uden Bund, hvilket sættes paa et Bord, eller een Stoel, eller disliige, og legges derpaa med een Bue, een Penne-feder, eller een Knappe-naal (Leem 1923, s. 114).

Langeleiken er altså eit instrument som består av ei lang, smal resonanskasse med ein melodistreng og 4-8 akkordstrengar (Michelsen 1979, s. 285). Langeleiken kan, som Leem skriv, vere utan botn og ein kunne spele på instrumentet med ein boge, ei pennefjær eller ei knappenål. I dag brukar ein gjerne eit plekter, eller ein "snert", av horn.

Akkordstrengane på langeleiken er festa i eit stemmeskruehus, eller i ei snekke, i den venstre enden av instrumentet. Nokre av dei eldre modellane kan òg ha ei snekke (stemmeskruehus) i kvar ende. Melodistrengen, den strengen nærast langeleikspelaren, ligg over eit sett med notar eller tverrband (Aksdal 1993, s. 30). Nokre av strengane på langeleiken kan òg vere kortare, og kallast gjerne pyramidestrengar (Michelsen 1979, s. 285). På nokre av dei eldre modellane kan desse strengane vere festa med stemmeskruar i resonanskassa.

HFN 01051: Tverrband/notar på langeleik Ragnhild Kolsrud/Hallingdal Museum

Notane

Notane, eller tverrbanda, bestemmer skalaen på instrumentet. På eldre langeleikar kan notane gje opplysningar om korleis dei eldre skalaene har vore, og korleis dei er ulike frå den skalaen ein ofte brukar i dag (Michelsen 1979, s. 284). Skalaen ein gjerne brukar i dag vart truleg introdusert gjennom opplæring på salmodikon i Valdres på 1840-talet, og i Øystre Slidre vart denne skalatypen tatt i bruk på langeleikar på 1860-talet (Kværne u.å.). Dette skiftet har truleg kome på ulike tidspunkt i dei andre tradisjonsområda.

Skalaen på langeleikane i dag er vanleg durskala. Skalaen på dei gamle langeleikane kunne derimot skifte frå leik til leik, men han fylgde aldri dur- eller mollsystemet. Dei gamle langeleikane har ikkje utgangspunkt i eitt fiksert skalasystem, men i eit rammeverk av tolleg reine kvintar, og oktavar over grunntonen. Tonestega innanfor rammeverket er ikkje ei veksling av heil- og halvtonar, men av heil- og om lag trekvart tonar. Den vanlege skalaen på langeleikane i dag er vanleg durskala, men dei seinare åra har instrumentmakarar eksperimentert meir med bygging av langeleikar etter eldre modellar, og med gamal, skeiv tonalitet (Aastad Bråten 23.01.2018).

Historisk

Ragnhild Kolsrud/Hallingdal Museum

Langeleiken har truleg røter heilt attende til mellomalderen og monokorden som var i bruk i klosterskulane. Monokorden vart her brukt til musikkteoretiske demonstrasjonar (Aksdal 1993, s. 60; Aksdal & Kværne 2021, s. 45). Instrumentet utvikla seg vidare, og i Norden fekk ein mellom anna langeleiken og fleire ulike variantar av instrumentet (kantele: Finland, langspil: Island, hummel: Sverige) (Aksdal 1993, s. 30).

Langeleiken er nemnt tidleg i skriftlege kjelder, mellom anna i samband med avsettinga av biskop Anders Arreboe i 1622 (Schøning 1817, s. 259), men det skal òg finnast bilete av eit langeleik-liknande instrument i boka Musica Rudimenta av Johannes Aventius frå 1516 (Ulrich 2011, s. 16 referert i Aksdal & Kværne 2021, s. 47). Det vekte òg oppsikt på 1980-talet då Gjøvik Spelemannslag kunne vise fram ein langeleik med påskrifta 1524. Langeleiken hang stemt på veggen då spelemannslaget kom til Petter Hasvoldseter (1928-2012) i Vardal, og instrumentet bar alle teikn på å vere i flittig bruk (Østby 1990).

Det kan sjå ut til at langeleiken har vorte tatt i bruk i norske bygder utover 1500-talet, og instrumentet har vore utbreitt i det meste av landet (Aksdal & Kværne 2021, s. 47).

Første halvdel av 1700-tallet synes også å ha vært en temmelig rik tid for langeleikspillet i Norge. (...) Men mye tyder på at langeleiken nå opplever en sterk tilbakegang i enkelte distrikter (Aksdal 1993, s. 31)

Mot slutten av 1700-talet kjenner ein namnet på fleire langeleikspelarar frå store delar av landet, men dei representerer ofte den siste generasjonen med langeleikspel i si bygd. Utover 1800-talet kjenner ein òg namnet på ein del, og i nokre av distrikta levde tradisjonen fram til 1900-talet, men då var det slutt. Likevel blir tradisjonen ført vidare i nokre distrikt utover 1900-talet, men då med ulik styrke (Aksdal 1993, s. 32).

Hallingdal

ÅL00830 Torgil H. Pålsrud/Hallingdal Museum

Den eldste omtala av langeleiken i Hallingdal, er frå ein rettsprotokoll frå Hol i 1665. Ein vinter gjekk karane Hermann Halingstad og Jon Skurdalen til Halvor Nestegard på søre Nestegard i Holet. Dette var ein sundagskveld, og Halvor hadde lagt seg.

Jon Helsa «Guds fred» men kravde at Halvor skulde skaffe øl. Halvor bad kona hente det dei hadde. Jon drakk og takka for godt øl. «Å, det er tunt,» sa’n Halvor, «men det er godt som med godo er gjeve.» Etter noko prat spratt Jon upp og sa: «Har du ikkje langeleik». Jau, Halvor hadde det, «men strengene er i stykke», sa han. «Det gjer ingenting.» sa Jon, «leik på han slik han er.» So tok Halvor til å spela på langeleiken slik han var, og Jon og Hermann dansa. Men i dansen tok Jon til å egle seg inn på Hermann, og Halvor slutta då å spela. «Eg skal danse likevel og låte med munnen,» sa Jon. Dei dansa vidare, men best det var spende Jon til Hermann i «røffuen». Dei sette seg på benken ved bordet og Halvor baud på ei ølskål. Mea Jon drakk toma han nedetter sida etter kniven, men Hermann kom han i forkjøpet og slo til han som han seig innover mot bordet med ølskåla i handa. «Kven slo meg!» ropte han. «Det var Hermann», sa Halvor. Steidn Nestegard, som og var tilstades, tok straks og førde Hermann ut, men Jon vart liggjande der um natta.

Um morgonen vaska kvinnene blodet av hovudet hans. «Det mæter eg ikkje meir enn ei flugu har bite meg,» sa han, «eg døyr ikkje av dette.» Han låg der i to dagar, og gav seg so på veg til Skurdalen; det var ein dag med «et meget gramt farligt nordenveir med blæst og sne,» og Jon gjekk sørover isen på Holsfjorden. På isen møtte han ein mann som heitte Pål Rytter. «Det gjeve Gud at du blir bra att,» sa Pål. «Av dette døyr eg ikkje,» sa Jon

Han kom fram i uveret til Ustedalen, men der vart han liggjande i Hallsteinsgard. Han låg fredagen og laurdagen over, men sundag døydde han. Det vart fleire forhør over Hermann Halingstad, - på Nerol 13. desember 1665, på Mehus 26. februar 1666 og på Øvremyro 18. juni same år; men det vart slege fast at han var forfylgd av Jon og at han handla i sjølvforsvar, so han vart frikjend (Reinton 1999, s. 194-195).

I følgje lokal tradisjon, skal Halvor Nestegard ha vore fødd kring 1585. Det vil seie at han er den fyrste langeleikspelaren me kjenner til i Noreg (Aksdal & Kværne 2021, s. 106).

Det skal òg ha funnest fleire langeleikar og langeleikspelarar i Hol i gamalt tid, i skiftet etter Halvor Embrikson Nestegard (1789) i Hovet skal det ha vore 5 langeleikar. Og i ein auksjon på Villand i 1835 er det òg nemnt langeleikspelarar (Reinton 1969 s. 462). Ei «Leikar-Sigrid», opphavleg frå Valdres, var gift med Ola Halvorson Ovavoll og skal ha vore svær til å spela på langeleik. Leikar-Sigrid skal ha gått rundt på gardane og spelt hjå «storfolk». Då ho vart enke reiste ho tilbake til Valdres att, «Enken Sigrid Tollefsdatter Øvrevold. Har i nogle år vandret om med langeleg. Henved 50 år gammel. Er født i Slidre i Valdres. Reist til Reinlie i Valdres» (Reinton s. 639).

Det var ikkje berre i øvre Hallingdal dei spelte langeleik tidlegare, i Nes kan ein òg finne langeleikspelarar. Blant langeleikspelarane her finn ein Arne Knutson Toen (1789-1852), Knut A. Toen (1828-1883), Margit A. Toen (f. 1825) og Ola Kristianson Toen (f. 1835). Sonesonen til Arne K. Toen, Mikkel Storeli (1883-1975) lærte seg òg å spela langeleik. Mikkel lærte mellom anna å spela av storspelaren Ola Brenno (1865-1957) frå Sør-Aurdal (Søyland 1999, s. 141). Det er gjort opptak med Mikkel, og desse kan mellom anna høyrast på Cd-en «Høyre du, mann!» frå 2021.

For meir om langeleiktradisjonen i Hallingdal på 1800-talet, og seinare utøvarar på instrumentet, sjå boka "Det tilla og det læt" frå 1999.

Langeleikane på Hallingdal Museum

HFN 005517

Langeleiken er av ein leik av eldre type. Den er utforma som dei eldre langeleikane med uthola resonanskasse, men er sett saman av fleire delar. Leiken har hovud i begge endar. Det er 13 notar (tverrband) på langeleiken, og det har vore plassert ein stoppar med kvinten (5. note frå venstre). Langeleiken har truleg hatt ei tradisjonell form for tonerekkje, og ikkje ein vanleg durskala. Forma på langeleiken peikar austover mot Sør-Aurdal (Aksdal & Kverne 2021, s. 227).

Gunnar Tollefsrud fekk langeleiken i gåve i 1960 frå Inge Ytterborg. Inge hadde som barn fått den av ein gamal på Skålsrudstølen.

ÅL00830

Langeleiken er av ein nyare konstruksjon der dei ulike delane: lok, botn, sargar, hovud og endekloss er limde saman. Det er òg limt føter på leiken, på undersida framme og på undersida bak. Under fyrste strengen (melodistrengen) er det ei noterad med 14 notar, samt tydelege spor i lakken etter 3 notar til, i alt 17 notar. Plasseringa av notane gjer ein heiltone dur-skala. Det kan òg skimtast spor etter tidlegare plassering av fleire av notane, noko som kan ha gjett langeleiken ein anna type skala.

Langeleiken vart gjett til Ål Bygdamuseum av Anne Rødningsdokken (1898-1979) frå Torpo, som i fleire år arbeidde som omvisar på museet på Ål.

HFN 01051

Langeleiken er skore ut av eitt stykkje og er utan botn. Det er eit enkelt stillehus med karveskurddekor. Langeleiken har 10 bevara notar, og spor av minst 6 andre. Det er òg skrive inn tal med blyant og blekk over notane.

Det er uvisst når langeleiken kom inn til museet, men i boka "Langeleiken - Heile Noregs instrument" (2021) antydar Aksdal & Kværne at langeleiken kan stamme frå Hol (s. 224).

I 2007 var nederlendaren Evert Klutner (f. 1938) på Hallingdal Museum kor han registrerte og teikna opp denne langeleiken. Me har også vore så heldige at instrumentmakar Oddrun Hegge frå Valdres, har laga ein kopi av langeleiken - så tett opp til originalen som mogeleg.

Den eldste (hallingspringar)

Spela på ein langeleik bygd i 1992 av Lars Forberg (Øystre Slidre), etter Olav Viken-modell. Langeleiken har durskala og er stemt i "vanleg stille".

Springaren er i form etter hardingfelespelaren Jens A. Myro (1921-2002), og er lagt til rette for langeleik av Gunnlaug Lien Myhr.

Den eldste. Langeleik med durskala og "vanleg stille". Torgil H. Pålsrud Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Halling etter Olav Snortheim

Halling etter Olav Snortheim (1911-1988), Valdres.

Hallingen blir fyrst spela på ein langeleik bygd i 1992 av Lars Forberg (Øystre Slidre), etter Olav Viken-modell. Langeleiken har durskala og er stemt i "trollstille".

Låtten blir deretter spela på ein nylaga kopi av langeleiken med registreringsnummer HFN 01051. Kopien er laga av instrumentmakar Oddrun Hegge frå Valdres. Skalaen på langeleiken er så tett opp til den originale, og den har difor ein gamal, skeiv tonalitet.

Halling etter Olav Snortheim. Langeleik med durskala, stemt i "trollstille". Ragnhild Kolsrud Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Halling etter Olav Snortheim. Langeleik med skeiv tonalitet. Ragnhild Kolsrud Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

"Gamal springar" (valdresspringar)

Ein variant av "gamal springar" etter Guri Hegge (1884-1976) frå Øystre Slidre. Fyrst spela på langeleik med durskala i "trollstille", og så på langeleik med skeiv tonalitet.

Valdresspringar. Langeleik med durskala, stemt i "trollstille". Ragnhild Kolsrud Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Valdresspringar. Langeleik med skeiv tonalitet. Ragnhild Kolsrud Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Kjelder

  • Aksdal, B. & Kværne, E. (2021). Langeleiken – heile Noregs instrument. Novus Forlag: Oslo
  • Aksdal, B. & Nyhus, S. (Red.). (1993). Fanitullen: Innføring i norsk og samisk folkemusikk. Universitetsforlaget: Oslo
  • Kolsrud, R. (2018). «Din lange fant, ko røtin du e»: Dansedokker til langeleik [Masteroppgåve]. Universitetet i Søraust-Noreg.
  • Leem, K. (1923). Professor Knud Leems Norske Maalsamlingar fraa 1740-aari. Utgjeve for Kjeldeskriftfondet v/ Torleiv Hannaas, Kristianaia: Jacob Dybwad.
  • Mehlum, A. (1943). Hallingdal og Hallingen. Villvoll Skrivestuggu, Røyse, Ringerike
  • Michelsen, K. (Red.) (1979). Cappelens Musikkleksikon 4: Jommellii – Music hall. Cappelen: Oslo
  • Reinton, L. (1969). Folk og fortid i Hol II: Frå 1815 til vår tid. I kommisjon hos Grøndahl.
  • Reinton, L. (1999). Folk og fortid i Hol I: Frå eldste tida til 1815. 1. utg. 1938. I kommisjon hjå Hol Sparebank.
  • Søyland, A. (1999). Langeleiken. I P. Breiehagen (Red.), Det tilla og det læt – folkemusikken i Hallingdal, spel, dans, song og leik (s. 139-151). Regionrådet for Hallingdal.
  • Østby, E. (1990). Nytt liv i gamle toner [Videoklypp]. Henta frå https://tv.nrk.no/serie/nytt-liv-i-gamle-toner/1991/FMUS20000590/avspiller
  • Aastad Bråten, K. (2018, 23.01). Langeleiken i Noreg – spelet og tradisjonen. Henta frå https://www.immateriellkulturarv.no/bidrag/langeleiken-i-noreg-spelet-og-tradisjonen/

Share to